Aktiviteten
Forarbeid
Aktiviteten krev ikkje noko spesielt forarbeid.
Gjennomføring av aktiviteten
Læraren presenterer oppgåva munnleg. Elevane kan be om å få opplysningar gjenteke og eventuelt notere stikkord.
Finn 30 kongler. Fordel konglene i fem grupper etter følgande opplysningar:
I den første og den andre gruppa er det til saman 14 kongler.
I den andre og den tredje gruppa er det til saman 10 kongler.
I den tredje og den fjerde gruppa er det til saman 9 kongler,
og i den fjerde og den femte gruppa er det til samma 12 kongler.
Korleis tenkte de for å finne talet på kongler i kvar gruppe?
Etterarbeid (inne)
Elevane gjenskaper aktiviteten, og presenterer løysningane for kvarandre. Har alle tenkt likt? Lag liknande oppgåver til kvarandre.
Lærarrettleiing
- Korleis trur du elevane dine vil løyse oppgåva? Er det ein spesiell problemløysingsstrategi du ønskjer å framheve under oppsummeringa av oppgåva?
- Korleis starta elevane?
- Korleis resonnerte dei i fortsetjinga?
- Diskuter kva som er likt og ulikt mellom strategiane elevane har bruka.
Hensikt
Arbeide med problemløysing og få erfaring med ulike problemløysingsstrategiar.
Rammeplanmål/Kompetansemål
- Grunnskole
- Kompetansemål etter 8. trinn
- utvikle og kommunisere strategiar for hovudrekning i utrekningar
- lage, løyse og forklare likningar knytte til praktiske situasjonar
- Kompetansemål etter 7. trinn
- utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine
- bruke samansette rekneuttrykk til å beskrive og utføre utrekningar
- Kompetansemål etter 6. trinn
- formulere og løyse problem frå sin eigen kvardag som har med desimaltal, brøk og prosent å gjere, og forklare eigne tenkjemåtar
- Kompetansemål etter 5. trinn
- utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
- Kompetansemål etter 4. trinn
- lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk
- Kompetansemål etter 2.trinn
- utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag