Kongler

Utematematikk
Kongle
Aktiviteten

Forarbeid

Aktiviteten krev ikkje noko spesielt forarbeid.

Gjennomføring av aktiviteten

Læraren presenterer oppgåva munnleg. Elevane kan be om å få opplysningar gjenteke og eventuelt notere stikkord.

Finn 30 kongler. Fordel konglene i fem grupper etter følgande opplysningar:

I den første og den andre gruppa er det til saman 14 kongler.

I den andre og den tredje gruppa er det til saman 10 kongler.

I den tredje og den fjerde gruppa er det til saman 9 kongler,

og i den fjerde og den femte gruppa er det til samma 12 kongler.

Korleis tenkte de for å finne talet på kongler i kvar gruppe?

Etterarbeid (inne)

Elevane gjenskaper aktiviteten, og presenterer løysningane for kvarandre. Har alle tenkt likt? Lag liknande oppgåver til kvarandre.

Lærarrettleiing

  • Korleis trur du elevane dine vil løyse oppgåva? Er det ein spesiell problemløysingsstrategi du ønskjer å framheve under oppsummeringa av oppgåva?
  • Korleis starta elevane?
  • Korleis resonnerte dei i fortsetjinga?
  • Diskuter kva som er likt og ulikt mellom strategiane elevane har bruka.  
Hensikt

Arbeide med problemløysing og få erfaring med ulike problemløysingsstrategiar.

Rammeplanmål/Kompetansemål
  • Grunnskole
    • Kompetansemål etter 8. trinn
      • utvikle og kommunisere strategiar for hovudrekning i utrekningar
      • lage, løyse og forklare likningar knytte til praktiske situasjonar
    • Kompetansemål etter 7. trinn
      • utvikle og bruke formålstenlege strategiar i rekning med brøk, desimaltal og prosent og forklare tenkjemåtane sine
      • bruke samansette rekneuttrykk til å beskrive og utføre utrekningar
    • Kompetansemål etter 6. trinn
      • formulere og løyse problem frå sin eigen kvardag som har med desimaltal, brøk og prosent å gjere, og forklare eigne tenkjemåtar
    • Kompetansemål etter 5. trinn
      • utvikle og bruke ulike strategiar for rekning med positive tal og brøk og forklare tenkjemåtane sine
    • Kompetansemål etter 4. trinn
      • lage rekneuttrykk til praktiske situasjonar og finne praktiske situasjonar som passar til oppgitte rekneuttrykk
    • Kompetansemål etter 2.trinn
      • utforske addisjon og subtraksjon og bruke dette til å formulere og løyse problem frå leik og eigen kvardag
Denne ressursen er lisensiert under Navngivelse-IkkeKommersiell CC BY-NC CC BY-NC